Opplæring

Me ved Haga Trafikkskule vil ønskja deg velkomen til samarbeid for å auka tryggleiken i trafikken. Førerkortopplæringa vert i dag gjeve etter Læreplanar utarbeidd av Vegdirektoratet, der ein del av opplæringa er obligatorisk. Det er sett krav til dugleik og kunnskap for å starta på opplæringa. Kor mange timar du vil ha behov for før du framstiller deg til førarprøven hjå Statens Vegvesen, vil variera mykje.

Les meir om opplæringsmodellane for dei forskjellige førarkortklassane her.


Teorifilm

Som ein av få skular i Hordaland, kan me no tilby Teorifilm.no for alle som startar med kjøretimar hjå oss i 2017. Dette vil vera inkludert og har ein økonomisk verdi på kr. 699,- I tillegg vil du få ein stor nytteverdi i form av betre kvalitet på øvingskjøringa med dine føresette. Sjå meir info på teorifilm.no.

Privat øvingskøyring

Det er ei stor føremon om du kan trena på det du har lært på trafikkskulen etter kvar time. Foreldre vert oppfordra til å vera med på undervisninga, det er berre å avtala med trafikklæraren.

Klage

Førespurnadar og klage vedrørende opplæringen skal fyrst og fremst rettast til dagleg leiar. Me vil gjera alt for at du skal bli nøgd. Er det noko du er misnøgd med, ikkje nøl med å fortelja det til oss. For å kunne ordna eit problem, må me få tilbakemelding om det. Er du derimot godt nøgd, fortel det til andre!

Taushetsplikt

Skulen sine tilsette har yrkesmessig taushetsplikt.